Tema: Beite
Frå dyrlegens kvardag

Inseminering av kviger på beite

Dei yngste dyra i besetningen er dei som har best gener, og for å fortsetja avlsframgangen i besetningen, er det viktig å inseminera desse med dei beste oksane som inseminøren til ei kvar tid har i dunken sin.

Oddfrid Vange

Bergfjord Frilansar Buskap

Det optimale er å inseminera kviger når dei er rundt 13 – 15 månader gamle og 390 - 400 kilogram/166 – 170 cm brystmål. Viss dette fell saman med beiting, så bør ein ha ein god plan på korleis dette skal løysast på ein fornuftig måte. Det er ikkje tvil om at det er lettast å få insemineringa gjort i innefôringsperioden, men det er fullt mogeleg ute viss ein legg litt innsats inn for å lukkast.

Må setjast fast

For å få gjort jobben på ein grei måte, så må kvigene fengslast på ein enkel og praktisk måte. Nokon har fanghekk ute, andre har fjøs i nærleiken slik at det går å setja kvigene inn for inseminering. Kvigene må også vera godt handterte, slik at det er lett å setja dei fast. Dei må stå fast når inseminøren kjem, slik at den som skal utføra oppgåva, ikkje må stå å venta på at kvigene skal fengslast.

Tilsyn

For å oppdaga brunst, må ein også ha godt tilsyn med dyra. Dyr som går fritt viser ofte fleire brunstteikn enn dyr på til dømes bås, men for å oppdaga brunst, må ein bruka tid på å observera. Det er derfor ein fordel at kvigene går på beite i nærleiken av garden i tida når ein inseminerer.

Her er det kjøtfe som skal handterast for inseminering, og Lars Bergsli har rigget til med fôrkorg med fanghekk. I tillegg har han sett opp grindar slik at dyret som skal inseminerast ikkje går for mykje til sidene. Dette er eit enkelt opplegg som ikkje er så veldig arbeidskrevjande å få til.

Foto: Anne Hege Hunskaar Tajet

Brunstsynkronisering

For å letta arbeidet med å passa brunsten, så er det eit godt alternativ å behandla kvigene med hormonet prostaglandin for å få dei til å komma i brunst til bestemt tid. Det er lettare å oppdaga brunst når ein veit nokolunde kortid dyra kjem i brunst. For å setja i gang brunstinduksjon, må ein ha dyrlege på plass som kjenner på eggstokkane til dyra. Dyra som er i midtsyklus, omtrent mellom dag 6 og 16 i syklus, kan sprøytast med hormonet prostaglandin, og dei skal då komma i brunst etter 2-5 dagar. Dei fleste kjem i brunst på 3. eller 4. dagen, kviger kjem gjerne på 3. dagen etter sprøyting. Etter sprøyting med prostaglandin kan ein velja om ein vil følgja godt med på dyra og inseminera slik som ein pleier, om ein vil dobbelinseminera 3. og 4. dagen eller bruka SpermVital på 3. dagen. I følgje Geno er bruk av SpermVital på dag 3 etter sprøyting like bra som dobbelinseminering på dag 3 og 4. Det er også økonomisk lønnsamt å bruka SpermVital i høve til dobbelinseminering.

«For å få gjort jobben på ein grei måte, så må kvigene fengslast på ein enkel og praktisk måte»

Dei kvigene som ikkje var i midtsyklus ved undersøking og følgeleg ikkje kunne sprøytast med prostaglandin, kan dyrlegen undersøka på nytt etter om lag 11 dagar. Med dette opplegget vil ein då treffa dei i midtsyklus ved neste undersøking og få framkalt brunsten på desse også. Dyr som ikkje er komme i brunst og som er store nok, kan ein vurdera å behandla med hormonspiral for å få dei raskare i gang viss ein har «dårleg tid» med å bli ferdig med insemineringa.

Drektigheitskontroll

Det er alltid lurt med tidleg drektigheitskontroll slik at ein kan fanga opp tomme dyr og få inseminert desse raskt. Drektigheitskontroll før dyra eventuelt kjem att på 6 veker er smart, for då veit ein kven ein må følgja ekstra godt med på og få inseminert desse opp att.

Prioriter kvigene i travel tid

Sommaren er ofte ei travel tid for mange, men viss ein ikkje får inseminert kvigene før utslepp, så bør ein likevel leggja litt innsats i å få ordna det ute. Kvigene er som regel dyra med høgast avlsverdi og best gener i besetningen, så det er smart å få inseminert desse med gode oksar slik at rekrutteringa av gode avlsdyr ikkje stoppar opp.